Kort fortalt

Angrip superprofitt i havbruk

SV-topp vil ha grunnrenteskatt.

02.08.2017
NPK-NTB-Jan-Morten Bjørnbakk: SVs førstekandidat i Troms meiner argumenta mot ressursavgift i havbruk blir svake når dei kjem frå eigarar som tar ut opptil 59 prosent i avkasting.
Sjømatanalytikar Kolbjørn Giskødegård karakteriserer ein gjennomsnittleg resultatmargin på 26,5 prosent som «superprofitt».
– Alt over 25 prosent margin er superprofitt uansett bransje. Ei viktig årsak til resultata er dei eksepsjonelt høge lakseprisane vi fekk etter kollapsen på tilbodssida i 2016, sa Giskødegård til laurdag.

Høg avkastning

Avisa har analysert avkastinga i havbruksnæringa og finn profittmarginar på opptil 59 prosent i tremannsbedrifta Hellesund Fiskeoppdrett. Kjempa Marine Harvest når ikkje opp blant topp ti blant dei mest lønsame oppdrettarane i prosent. Resultatmarginen er 22 prosent i det største oppdrettsselskapet i verda, som har 13.200 tilsette.
– Profitten til desse eigarane er bygd på utnytting av ressursane til fellesskapet. På mange måtar er det eit skatteparadis dei opplever i norske kommunar. Men det er inga grunnrenteskattlegging av næringa, seier SVs listetopp i Troms, Torgeir Knag Fylkesnes, til NTB.

Grunnrente

Reint prinsipielt er dette gale, meiner Fylkesnes. I andre naturbaserte næringar er det annleis. Fossekrafta er eit eksempel der det ifølgje Fylkesnes er ei fornuftig grunnrenteskattlegging som kjem kommunane til gode.
– Petroleumsnæringa betaler 78 prosent skatt og er happy med det, seier Fylkesnes.
Kontrasten blir då stor til fiskeri og havbruk, der næringa får ta for seg av ressursane til fellesskapet utan å betale grunnrente tilbake, meiner SV-representanten. Han irriterer seg over dei som argumenterer med eksportinntekter frå laks og olje som om det skulle vere det same.
– Eksporterer vi olje for 1 milliard kroner, har fellesskapet henta ut ei ressursrente på 78 prosent i skatt. Frå ein milliard eksportert laks er nesten ingenting henta ut av fellesskapet, mens eigarane har tatt ut opp til 59 prosent i superprofitt, seier Fylkesnes.

Beskjedent bidrag

Han losa forslaget som inneber ein forsiktig start på grunnrente, gjennom Stortinget.
– Vi foreslår 25 øre per kilo eksportert laks. Med prisar på rundt 60 kroner kiloen er det ei lite byrdefull ressursrente. Oppdrettseigarane meiner på si side at dette er ei veldig problematisk byrde. Dei burde ha råd til å gi eit beskjedent bidrag, seier Fylkesnes.

Publisert: 02.08.2017 10:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41