Kort fortalt

Ap avviser forslaga frå lakseskattutvalet

Men partiet er i prinsippet for meir skattlegging.

19.02.2020
(NPK-NTB): Arbeidarpartiet seier nei til modellen som er lagd på bordet for innføring av grunnrenteskatt for oppdrett.
Eit regjeringsoppnemnt utval gjekk i fjor haust inn for at oppdrettarane bør betale grunnrenteskatt. Men ingen av modellane frå utvalet er gode nok, meiner Arbeidarpartiet.
Arbeidarpartiet er i prinsippet for grunnrenteskatt, men ønskjer andre modellar enn dei som er foreslått av lakseskatteutvalet, blir det presisert.
Forslaget frå Arbeidarpartiet er ei arealavgift eller produksjonsavgift som sikrar inntekter direkte til vertskommunane for oppdrettsanlegg.
(©NPK)

Publisert: 19.02.2020 10:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30