Kort fortalt

Ap sikrar kommunal vindkraft-makt

Fleirtal for lovendring.

05.11.2020
NPK-NTB: Arbeidarpartiet sikrar at kommunane får avgjerdsmakt i søknader om nye vindkraftverk. Søknadene skal no behandlast etter plan- og bygningslova.
Arbeidarpartiets stortingsgruppe støttar kravet om at søknader om nye vindkraftverk skal behandlast etter plan- og bygningslova. Dermed er det fleirtal på Stortinget for at kommunane får avgjerdsmakt i desse sakene, skriv .
I dag blir vindkraftsaker behandla etter energilova, og dermed er det staten som har siste ord. No skal framtidige vindkraftverk regulerast etter plan- og bygningslova.
– Det kan gi langt betre prosessar i framtida, seier Ruth Grung (Ap), saksordførar for stortingsmeldinga om vindkraft.
Det har vore stor motstand mot bygging av vindkraftverk i fleire kommunar.
Etter det avisa erfarer, går det no òg føre seg forhandlingar mellom regjeringspartia og Frp om eit nytt konsesjonssystem for vindkraft.

Publisert: 05.11.2020 08:05

Sist oppdatert: 07.04.2021 19:01