NPK-NTB-Bibiana Piene: Arbeidarpartiet har komme med løfte verd eit drygt titals milliardar kroner i det alternative statsbudsjettet sitt. Spørsmålet er kvar dei vil kutte.
Torsdag la Ap fram forslaget sitt til statsbudsjett. Billegare barnehagar og SFO, auka pendlarfrådrag, feriepengar til arbeidslause og meir støtte til tannhelse er blant løfta partiet har komme med.
I tillegg vil partiet bruke 220 millionar kroner til ladestasjonar i distrikta, 161 millionar på tiltak innan arbeidslivet, tilsetje 1.000 nye lærarar, kutte 600 millionar kroner i offentlege gebyr, styrkje sjukehusøkonomien med 1 milliard og innføre eit lågare tak for eigendelen for helsetenester, noko som har ein prislapp på 1 milliard kroner.
Også milliardsatsing på hydrogen, styrking av Ringeriksbanen til 130 millionar kroner og ein halv milliard til ulike maritime satsingar, inkludert 125 millionar til hydrogendrivne hurtigbåtar, har fått plass i Aps budsjett.
Ei grov oppsummering av Ap-løfta som NTB har gjort, viser at dei så langt summerer seg til godt over 10 milliardar kroner.
Frå før er det kjendt at partiet reknar med å ta inn 7,2 milliardar kroner på auka skattar. Ap vil òg hente 2,4 milliardar frå konsulentbruken som regjeringa har sett av pengar til, kutte 745 millionar kroner i kontantstøtta og fjerne 147 millionar kroner frå støtta til private barnehagar.
I budsjettutkastet heiter det òg at partiet vil auke CO2-avgifta med 10 prosent kvart år fram til 2030, men berre 5 prosent på diesel og bensin fram til 2025.

Publisert: 12.11.2020 13:26
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24