Kort fortalt

Arbeidarar frå raude land må i karantene

Regjeringa fjernar unntak.

26.10.2020
(NPK-NTB): Utanlandske arbeidstakarar frå det som EU kallar for raude land, vil ikkje lenger få unntak frå karanteneplikta.
Denne endringa trer i kraft ved midnatt natt til laurdag 31. oktober.
– Andre arbeidstakarar kan framleis få karantenefritak. Men her blir òg reglane skjerpa inn: Arbeidstakarar som har fritidskarantene, skal testast kvar tredje dag og vere innkvarterte på einerom dei ti første dagane dei er i landet, heiter det i ei frå regjeringa.
Denne endringa trer i kraft ved midnatt natt til onsdag 28. oktober.

Publisert: 26.10.2020 22:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24