NPK-NTB: Ifølgje ein studie frå Oslomet fører arbeidsløyse til store helseproblem, som til dømes auka stressnivå i kroppen, angst, depresjon og andre mentale lidingar.
– Men det gir også auka dødelegheit, seier forskar Kristian Heggebø, som står bak studien.
Han har undersøkt arbeidsledige kvinner og menn i 2000, 2006 og 2011 og sett på kva helserelaterte konsekvensar arbeidsløysa har hatt for dei fram til 2017.
Funna viser at arbeidsløyse slår negativt ut på folks helse – spesielt for menn.
– Menn som har opplevd arbeidsløyse, har 80 til 90 prosent høgare risiko for å døy dei neste ti åra enn dei som hadde jobb heile tida. For kvinner er tilsvarande tal omtrent 40 prosent, seier Heggebø.
Han meiner at overdøyinga blant dei arbeidsledige tyder på at dei ikkje har greidd å kvitte seg med alle dei ugunstige helsekonsekvensane – også etter at dei eventuelt er tilbake i jobb igjen.
– Det ser ut til å vere noko dei trekkjer med seg vidare i livsløpet, og som fører til at dei døyr tidlegare samanlikna med personar som har vore kontinuerleg i jobb, seier Heggebø.
Publisert: 20.01.2023 07:57
Sist oppdatert: 20.01.2023 07:59