NPK-NTB: Den auka kompensasjonsgrada for permitterte, som regjeringa i statsbudsjettet foreslo skulle fjernast frå nyttår, blir likevel forlengd til ut mars.
Til VG seier statsminister Erna Solberg (H) at det er krisa innan reiseliv, hotell og restaurant og andre utsette bransjar som gjer at regjeringa likevel vil forlengje ordninga.
– Vi vil fremje ein tilleggsproposisjon der vi forlengjer dagpengesatsen på 80 prosent, til 31. mars. Vi gjer det fordi vi dei siste vekene har sett at smittesituasjonen er mykje verre enn då vi fremja forslaget vårt til statsbudsjett, seier Solberg.
Regjeringa foreslo i statsbudsjettet at perioden der permitterte får denne ekstra kompensasjonen, skulle fjernast frå nyttår, men har altså no ombestemt seg.
– Det er svært viktig at kompensasjonsnivået ved arbeidsløyse og permisjon generelt skal vere klart lågare enn det ein får i lønn, for å styrkje insentiva til å søkje etter ny jobb, men det er etter mitt syn for tidleg å redusere satsen allereie frå årsskiftet, seier Solberg.

Publisert: 03.11.2020 08:49
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24