Kort fortalt

Aukar drivstoff-avgiftene

Dyrare drivstoff skal få CO2-utslepp ned.

04.10.2023

NPK-NTB: Regjeringa vil ta store utsleppskutt, mellom anna ved å heve drivstoffavgiftene og auke innblanding av biodiesel. Det kan bety 27 øre meir for literen.

– No har vi ein grundig og truverdig plan for å nå klimamåla våre fram til 2030. Samtidig skal klimaomstillinga vere rettferdig, og det er økonomisk krevjande tider for mange. Det tek vi omsyn til i dette budsjettet, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til Aftenposten.

Det samla opplegget kjem i forslaget til statsbudsjett fredag og skal sørgje for at regjeringa får kutta 6,4 millionar tonn CO2 innan 2030. Ein del av det er endringar knytt til bilhald.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) hevdar den jamne bilisten likevel vil oppleve at bilhald blir billigare viss forslaget til statsbudsjett for neste blir vedteke. Årsaka er kutt i trafikkforsikringsavgifta og at det samla avgiftstrykket dermed går ned, sjølv om drivstoff blir dyrare.

* Trafikkforsikringsavgifta for fossilbilar blir redusert med 400 kroner i året.

* Drivstoffavgiftene for bensin og diesel blir auka med 15 øre literen.

* Auka krav om innblanding av biodiesel kan auke literprisen for diesel ytterlegare til 27 øre.

For å komme i mål med klimasamarbeidet med EU må Noreg kutte klimagassane med 16,5 millionar tonn i såkalla ikkje-kvotepliktig sektor innan 2030. Regjeringa meiner Noreg vil overoppfylle forpliktingane og kutte til saman 17,3 millionar tonn med det samla opplegget som kjem i budsjettforslaget fredag.

Publisert: 04.10.2023 07:56

Sist oppdatert: 06.10.2023 08:51

Mer om