NPK: Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke å auka dei garanterte kvotane for torsk i open gruppe med 0,5 tonn per fartøy.
Samstundes blir maksimalkvotettillegget nedjustert til 2 tonn per fartøy, melder departementet
– Ved å auke dei garanterte torskekvotane legg vi til rette for mindre kappfiske i open gruppe. Ein større del garanterte fartøykvotar er noko blant andre Norges kystfiskarlag har teke til orde for. Vi kjem til å følgje nøye med på korleis fisket går føre seg, og ein må sjå endringane i lys av ein enno uavklart koronasituasjon og auken i totalkvoten for torsk, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.
I open gruppe er det ikkje naudsynt med konsesjon for å delta i fisket. Fartøya i denne gruppa blir tildelte kvote i mange viktige kvoteregulerte fiskeri, blant anna fisket etter torsk nord for 62 grader nord, heiter det.

Publisert: 25.01.2021 16:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23