Kort fortalt

Auke i vågekval-kvoten

Vil ta ut 119 fleire enn i fjor.

06.02.2017
NPK: Fiskeriministeren har fastsett ein kvote på 999 dyr i vågekvalfangsten i 2017.
Kvoten for i år inneber ein auke frå 880 dyr i fjor. Kvoten er fastsett med utgangspunkt i berekningsmodellar utarbeidde av vitskapskomiteen i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC). Kvoten gir fullgod sikkerheit for berekraftig fangst på vågekvalbestanden, meiner Fiskeridepartementet.
Fangstområda for Svalbard, Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen er blitt slått saman til eitt område. Dette er gjort for å få til ein best mogleg fleksibilitet for kvalfangarane.
Fangstane dei tre siste åra har vore 736 dyr i 2014, 660 dyr i 2015 og 591 dyr i 2016. Talet på fartøy i fangst var 20 i 2014 og 2015, og 17 i 2016.

Publisert: 06.02.2017 14:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:42