Auto Marine Fosnavåg er konkurs.
– Det har vore jobba mykje med å hente inn nye investorar, men diverre har vi ikkje greidd å nå fram til nokon avtale, seier dagleg leiar og eigar Steffen Voldsund i ei pressemelding ifølgje avisa Vestlandsnytt.
Selskapet har gått med underskot i fire av dei fem siste åra. I 2019 hadde selskapet 8,8 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på minus 0,3 millionar kroner.
Linda Brevik er bustyrar. Første skiftesamling er i Søre Sunnmøre Tingrett, 11 februar.

Publisert: 04.01.2021 17:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23