For å avgrense smittespreiing av koronaviruset og bidra til å oppretthalde nødvendig helse- og omsorgstenester, har Ålesund, Sula og Giske kommune vedtatt å avgrense innreise til kommunane.
Dette betyr i praksis at alle som kjem til Ålesund, Giske eller Sula kommune etter reise i områda Oslo, Viken, Agder, Rogaland, Vestfold og Telemark, Innlandet og Vestland. får heimekarantene i 14 dagar.
Transittopphald på flyplass i desse områda blir ikkje medrekna, blir det opplyst i pressemelding måndag.
Førar og personell av vare- og passasjertransport er unntatt frå karantenekrava i vedtaket, men nasjonale føringar for karantene og isolasjon ved sjukdom gjeld. Dette gjeld også personell som er nødvendig for å gjennomføre transporten.
Reisande som ikkje har symptom, kan reise til planlagt opphaldsstad, men bør under reisa så langt det lar seg gjere, halde avstand til andre.
Reisande med symptom skal gå i isolering med ein gang og kan ikkje bruke offentleg transport.
Det kan gjerast unntak for nøkkelpersonell som har samfunnskritiske oppgåver etter DSB sin definisjon.
Vedtaket har verknad frå 16. mars og inntil nytt vedtak er fatta.

Publisert: 16.03.2020 21:26
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29