Kort fortalt

Avislesarar positive til nynorsk

Nettavisen la ut dei same sakene på bokmål og nynorsk.

13.05.2022

Lesarane viste seg å vere langt meir positive til nynorsk enn venta.

Eksperimentet blei gjort i samband med ei masteroppgåve ved Institutt for språk og litteratur ved NTNU i Trondheim. Målet var å finne ut korleis nynorsk som formidlingsspråk blir motteke i nettaviser.

Samanlikning av klikk, lesetid, fråfall og andre parametrar for bokmåls- og nynorskversjonane tyder på at lesarane tykte nynorsk var heilt greitt også i ei tradisjonell bokmålsavis.

– Riksavisene har trudd at lesarane ikkje vil ha nynorsk, og at det er ein høgare terskel for å lese sakene når dei er på nynorsk. Men det har me no testa: Og det er nesten ikkje nokon forskjell blant lesarane våre, seier politisk redaktør Erik Stephansen i Nettavisen til eiga avis.

I gjennomsnitt hadde rett nok bokmålssakene 31,2 prosent fleire sidevisingar enn nynorsksakene, og det var også litt større fråfall på nynorsk. Men på dei andre parametrane i undersøkinga kom nynorsk best ut.

Lesarane hadde lengre skrolletid på nynorsksaker, og når dei først hadde klikka seg inn på ei sak på nynorsk, hadde ho lengre lesetid enn den same saka på bokmål.

Nynorsklesarane brukte i gjennomsnitt 70,5 sekund på å lese ein artikkel, medan bokmålslesarane brukte 62,75 sekund i gjennomsnitt. Det var også fleire som fullførte artiklane på nynorsk.

– Forskjellane er såpass små samanlikna med styrkeforholdet mellom nynorsk og bokmål, at det kan verka som om lesarane har betre haldningar til og høgare toleranse for nynorsk enn først tenkt, og at mange lesarar er temmeleg likegyldige til kva skriftspråk dei les, seier Sofie Flølo Dyrstad, student ved NTNU og forfattar av mastergradsoppgåva.

Nettavisen fekk hjelp av Nynorsk pressekontor til å omsetje artiklane i eksperimentet til nynorsk.

Publisert: 13.05.2022 10:25

Sist oppdatert: 13.05.2022 10:26