NPK-NTB: Akers milliardoppkjøp av vindkraftselskapet NBT blir droppa sidan NBT ikkje har oppfylt vilkåra i bodet, skriv Dagens Næringsliv.
– Då vi annonserte dette var det eit tilbod med atterhald. Etter ei heilskapsvurdering har vi komme fram til at vi ikkje gjennomfører transaksjonen, seier kommunikasjonsdirektør Atle Kigen i Aker til
Då Aker lanserte den grøne satsinga si i fjor sommar, var oppkjøp av selskapet NBT ein sentral del av utviklinga av vindkraft òg på land. Aker hadde opphavleg lagt inn eit bod på 3,1 milliardar kroner på selskapet, som driv med vindkraft i Indre Mongolia og ved Krimhalvøya.
Det var likevel ei rekkje vilkår knytt til oppkjøpet, og sidan Aker ikkje meiner desse er oppfylte, så er tilbodet ikkje lenger bindande for partane.
– Vi er framleis ein aksjonær i NBT og er i dialog med selskapet om moglegheiter innanfor vindkraft framover, opplyser Kigen.

Publisert: 18.01.2021 10:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23