Kort fortalt

Beklagar skroting av eksportsatsing

Uttale frå fylkesutvalet.

05.04.2022
Eit samrøystes fylkesutval beklagar at regjeringa ikkje vil iverksette etableringa av eit eige eksportstrategiråd i Ålesund.

Det melder NRK Møre og Romsdal.

Det var den førre som vedtok å etablere eit slikt eksportstrategiråd i Ålesund. Støre-regjeringa har skrinlagt dette og i staden oppretta eit Nasjonalt Eksportråd i Oslo.

Fylkesutvalet forventar at regjeringa viser handling bak ambisjonane om å etablere fleire nye stillingar i Innovasjon Norge og Eksportfinansiering Norge i Ålesund, og at desse stilingane kjem raskt på plass, heiter det i vedtaket tysdag.

Publisert: 05.04.2022 13:52

Sist oppdatert: 05.04.2022 13:53

Mer om