Ålesund brosundet innfelt jan christian vestre foto marius skjermfoto regjeringen no 11
TIL ÅLESUND: Tysdag vil næringsminister Jan Christian Vestre få høyre om nyvinngar i byggebransjen og oppdrett og fiskeri, ifølge programmet. Foto:
Nytt

Møter eksportbedrifter i Ålesund

Næringsministeren kjem til Sunnmøre.

Marius Rosbach
04.04.2022

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) møter tysdag ein rekke eksportbedrifter på Sunnmøre. Teamet for besøket er regjeringas nye satsing «Hele Norge Eksporterer», som Vestre lanserte i mars.

Optimar på Valderøy er første bedrift på programmet, før turen går til Spilka-fabrikken ved Blindheim og deretter Digicat på NMK-senteret.

Ved Ålesund Kunnskapspark (ÅPK) skal ministeren også møte fleire eksportbedrifter om ettermiddagen.

Misnøye med eksportgrep

Eksportsatsinga i byen blir mellom tema statsråden vil få spørsmål om når han kjem til Ålesund og Giske.

Diskusjonen har gått høgt dei siste vekene om den nye eksportstrategien til regjeringa. Ikkje alle har vore nøgd med grepet Vestre gjer, med å skrote Eksportstrategirådet – og i staden opprette Nasjonalt Eksportråd i Oslo.

Som plaster på såret har Vestre lova ti nye tilsette ved Innovasjon Norge sitt kontor i Ålesund, i tillegg til ei styrking av Eksfin-kontoret i byen.

Kva tid styrkinga skal skje, er uklart og Helge Orten (H) krevde førre veke svar frå Vestre om tidsplanen i eit skriftleg spørsmål til Stortinget.

– Eit svært viktig eksportfylke
Havvind og grøn maritim eksport er dei to første satsingsområda i Vestre sin strategi.

– Møre og Romsdal er eit svært viktig eksportfylke og langs kysten her finn vi gründerar, sjølvstendig næringsdrivande og folk med både guts og framsyn. Her er eit sterkt miljø for mellom anna maritime næringar, møbel og fiskeri. Gjennom eksportreforma «Heile Noreg eksporterer» vil regjeringa videreutvikle det kraftfulle, eksportretta kompetansemiljøet som finst i Ålesund, uttaler næringsministeren i ei melding før besøket.

Norge har dei siste 20 åra sakka akterut på eksportområdet samanlikna med andre land, og regjeringa har som mål å auke eksporten med 50 prosent innan 2030.

Publisert: 04.04.2022 10:03

Sist oppdatert: 04.04.2022 10:17

Mer om