Kort fortalt

Bekymra for at smittetala ikkje går ned

Folkehelseinstituttet meiner situasjonen er ustabil.

31.12.2020
(NPK-NTB): Smittetrenden i Noreg er svakt stigande. Folkehelseinstituttet er bekymra for at det kan bli verre.
– Den går jo ikkje ned – så vi vurderer smittesituasjonen som ustabil. I og med at vi ikkje ser den nedgangen som vi kunne forventa eller håpa på, med dei tiltaka som er innførte, seier smitteverndirektør Geir Bukholm i Folkehelseinstituttet til .
Han meiner det òg kan vere fleire smittetilfelle som ikkje er registrerte, og at smittesituasjonen derfor kan verre enn det dagens tal viser.
– Vi ser omtrent same smittenivå som vi har sett dei siste tre vekene no. Men biletet er prega av at vi ikkje veit om folk har testa seg som normalt i julehelga.
Onsdag vart det registrert 732 nye smittetilfelle i Noreg.
(©NPK)

Publisert: 31.12.2020 12:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23