Kort fortalt

Bensinstasjonar ønskjer å selje øl

Vil utfordre matbutikkane.

07.12.2020
NPK: Mange bensinstasjonar i distrikta synest det er urettferdig at daglegvarebutikkar kan selje både øl og bensin, medan dei sjølve har forbod mot sal av alkoholhaldig drikke.
Matbutikkane har også ein annan fordel. Dei kan søkje om økonomisk støtte frå det statlege Merkurprogrammet for å setje opp ei bensinpumpe. Det kan ikkje bensinstasjonane.
– Dette er veldig konkurransevridande. Bensinstasjonar og kioskar blir møtt med eit statleg forbod mot sal av alkohol, medan daglegvarebutikkane kan få statleg støtte til selje drivstoff, seier leiar i Virke servicehandel, Iman Winkelman til Han meiner at butikkane og bensinstasjonen ikkje blir behandla på likt.
Han seier at øl er den største og mest lønnsame gruppa blant norske daglegvarer.
– Når bensinstasjonane ikkje får selje øl medan butikkane får selje drivstoff så taper bensinstasjonane konkurransen. Det kan føre til færre bemanna bensinstasjonar i distrikta.
Regjeringa har levert ei stortingsmelding om konkurransesituasjonen i daglegvarebransjen som no ligg til behandling i næringskomiteen til Stortinget. Der seier regjeringa nei til sal av alkohol på bensinstasjonane.
Næringskomiteen på Stortinget skal kome med innstillinga si innan 17. desember.
– Eg forstår frustrasjonen til dei som driv bensinstasjonane, og eg ser dilemmaet, men her er det dei alkoholpolitiske omsyna som vinn, seier komiteleiaren Geir Pollestad (Sp).

Publisert: 07.12.2020 18:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24