Kort fortalt

Ber folk halde seg heime

Mange på farta i Moa-området.

14.03.2020
Gjennom å spore antal mobiltelefonar, har Ålesund kommune funne at det var 4.600 personar i Moa-området laurdag klokka 13.25.
Etter kartlegginga kjem kommunen med ei sterk oppmoding til folk om å halde seg heime.
Kommunen viser til at berre nødvendige ærend bør gjennomførast, som apotek og daglegvare.
Ålesund kommune sender no ein lokasjonsbasert SMS på norsk og engelsk til alle som oppheld seg i dette området med denne oppfordringa.

Publisert: 14.03.2020 17:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29