(NPK): Både næringa og styresmaktene fryktar mangel på arbeidskraft dersom ein baserer seg på arbeidsinnvandrarar når fisket etter skrei i Lofoten og Vesterålen startar om nokre veker, skriv Kyst og Fjord.
Difor oppmodar fiskeriministeren både arbeidsledige og permitterte i Noreg om å melde seg til teneste.
– Vi håpar at noko av behovet for arbeidskraft kan løysast ved at arbeidsledige nordmenn får seg jobb i Lofoten og Vesterålen no i toppsesongen, seier fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) til NRK.
Han seier at fleire etatar no jobbar saman for å finne gode tiltak før sesongen. Walsøe i Lofoten er ei av bedriftene som lenge har bedt om at permitterte i reiselivsnæringa kan få seg jobb i fiskeindustrien.
(©NPK)

Publisert: 03.12.2020 16:18
Sist oppdatert: 07.04.2021 21:15