Kort fortalt

Ber Noreg avvikle oljenæringa

Rapport frå FNs spesialrapportør.

03.03.2020
(NPK-NTB): FNs spesialrapportør for menneskerettar og miljø ber Noreg om å slutte med oljeleiting og gradvis avvikle olje- og gassindustrien.
Det kjem fram av ein rapport som vart lagd fram for FNs menneskerettsråd måndag. Rapporten er skriven av spesialrapportør David R. Boyd etter eit tolv dagar langt besøk i Noreg i september 2019. Boyd møtte både styresmakter, organisasjonar, utdanningsinstitusjonar og næringsliv.
I fråsegna som er no er offentleggjord, heiter det at Noreg bør forby vidare leiting etter fossilt brensel, la vere å utvikle infrastrukturen i næringa og også forby dei mest ureinande og miljøskadelege formene for olje- og gassutvinning.

Natur og Ungdom meiner Noreg må ta grep

Boyd peikar òg på at Noreg bør sikre seg ein god plan for folk og lokalsamfunn som er avhengige av industrien i dag.
Leiar Therese Hugstmyr Woie i Natur og Ungdom seier at det er heilt absurd at Noreg ikkje tar det rettmessige ansvaret sitt og kuttar CO2 der det verkeleg gjer ei endring.
– Kvart år eksporterer Noreg 500 millionar tonn med CO2 i form av olje. Etter andre runde av klimasøksmålet i Borgarting lagmannsrett vart det bestemt at Noreg òg må ta ansvar for utsleppa som blir eksporterte. Dette kan gjerast ved å byrje nedtrapping i oljesektoren, seier ho.

Frp: Absurd

Frp meiner det er absurd å påstå at ei styrt avvikling av det norske velferdssamfunnet er vegen å gå for å redusere dei globale klimautsleppa.
– FNs spesialrapportør kan jo starte med å lufte denne ideen for sine eigne oljeproduserande medlemmer i menneskerettsrådet. Dette er land som truleg over natta ville ha tatt over oljeproduksjonen vår med langt høgare utslepp, seier energi- og miljøpolitisk talsperson Jon Georg Dale i Frp.
(©NPK)

Publisert: 03.03.2020 13:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30