Kort fortalt

Ber om meir smittevernutstyr

Treng meir utstyr frå Kina.

16.03.2020
NPK-NTB: Fylkesleiar Line Orlund i Sjukepleiarforbundet i Oslo seier ho har fått mange tilbakemeldingar på at det finst for lite smittevernutstyr.
– Eg er bekymra for tilgangen på smittevernutstyr. Det eg kan seie er at Oslo kommune har gjort alt eg kan tenkje meg for å skaffe det. Men eg får mange tilbakemeldingar på at det er for lite utstyr. Særleg i kommunen, seier Orlund til .
I helga uttalte regjeringa at ho i dialog med Norwegian og SAS for å diskutere om dei kan hjelpe til å med å frakte smitteverneutstyr frå Kina.
NRK skriv at EU har innført restriksjonar på eksport av ansiktsmasker og anna verneutstyr for å sikre at eigne behov kan dekkast under koronapandemien.
– Vi er ein høgteknologisk og intelligent nasjon. Det må vere nokre bedrifter som kan vri seg rundt og byrje å produsere noko her. Eg har ei heil klar forventning at regjeringa sørger for at det blir starta produksjon nokon stad, seier Orlund.

Publisert: 16.03.2020 08:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29