Kort fortalt

Ber om milliard til Geiranger

Fylket med brev til statsministeren.

Marius Rosbach
23.11.2021

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal gjekk måndag inn for forslaget om å be staten om ei ekstraordinær omstillingspakke til Stranda og Fjord kommunar.

Overslag frå fylkeskommunedirektøren viser at det er behov for nær ein milliard kroner til ei slik omstilling, som følgje av vedtaket om å gjere skipstrafikken i Geirangerfjorden og Nærøyfjorden utsleppsfri frå 2026.

Tiltaka er samla i ein tiltaksportefølje fordelt på to pakkar. Den første dreiar seg om å sikre straumforsyning og tilgang for større skip til Hellesylt.

Den andre omhandlar oppgradering av kloakkreinseanlegg og etablering av parkeringshall i fjell i Geiranger sentrum.

- Det er eit viktig brev å sende, for vi klarar ikkje utfordringane åleine. Derfor er det nødvendig å ha fylkesutvalet i ryggen når vi no ber om møte med statsministeren, seier fylkesordførar Tove-Lise Torve i ei melding frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Sjå fleire saker frå fylkesutvalet sitt møte tysdag (ekstern lenke)

Publisert: 23.11.2021 08:49

Sist oppdatert: 23.11.2021 08:53

Mer om