Hotel Union
TØFF START: Starten på 2021 blei tøffare enn 2020 for Hotel Union Geiranger, mellom anna med vanskar med å få tilsette frå utlandet når aktiviteten tok seg opp. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Miste ein tredjepart av inntektene

Kostnadskutt og koronastøtte sikra balanse for Hotel Union Geiranger i fjor. Håpar hausten skal berge 2021, etter tøff start på året.

06.10.2021

Fullt hus med godt betalande nordmenn i fellesferien i 2020 var ikkje nok til unngå eit kraftig fall i inntektene til Mjelvafamiliens hotellselskap, Hotel Union Geiranger, i fjor.

Koronaepidemien og smitteverntiltaka gjorde at få utlendingar kom.

Inntektsfallet blei 29 millionar kroner, ein reduksjon på 33 prosent samanlikna med 2019 (sjå tabell under).

Kutta kostnadar
Hotel Union Geiranger kom ut av 2020 med eit resultat praktisk talt i balanse, trass inntektssvikten.

Lønskostnadane vart kutta med 15 millionar kroner og andre driftskostnadar med fem millionar. Selskapet fekk 5,5 millionar kroner i offentleg støtte gjennom ordninga som skulle kompensere for store inntektsfall.

Tøff start
Første halvår i år vart tøffare enn i 2020, med mykje uvisse og sterkt redusert drift til ut i mai, seier Union Hotel Geiranger-sjef Sindre Mjelva.

Mellom anna gjorde smitteverntiltaka det vanskeleg å få inn arbeidskraft frå utlandet.

Hotellet starta andre halvår med eit opparbeidd underskot frå første halvår, men fekk ein god start med ein juli som blei enda betre enn i 2020 og ein haust som så langt månad for månad har vore betre enn i fjor.

Held resten av hausten fram som den har starta håpar selskapet på driftsinntekter omlag som i fjor og eit resultat i balanse, seier Mjelva.

På 2019-nivå i 2025
Før koronaepidemien kom låg Hotel Union Geiranger an til 96 millionar kroner i driftsinntekter i 2020. Det ville blitt ny rekord.

Då Mjelva oppsummerte status etter sommarsesongen 2020 sa han at reiselivet først i 2025 ville komne attende til 2019-nivå.

Det er ei vurdering han framleis står fast på, fordi det tek tid å bygge opp at apparatet som skal handtere eit reiseliv på 2019-nivå.

Hotel Union Geiranger as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt57,186,0
Driftsresultat0,32,7
Resultat før skatt-0,32,1

Publisert: 06.10.2021 08:05

Sist oppdatert: 06.10.2021 10:52

Mer om