NPK-NTB: Hovudorganisasjonane vil vente med eventuelle pensjonsendringar til ei utgreiing er klar neste år.
– Prematurt, uklokt, må avvisast.
Det var blant tilbakemeldingane då hovudorganisasjonane NHO, LO, YS, Unio og Akademikerne onsdag stilte til digital høyring på Stortinget om SV og Frps nye pensjonsforslag.
Frp og SV ønskjer å endre den noverande pensjonsordninga, og dei har invitert dei andre partia med på eit breitt forlik. Hovudgrepa inneber å endre reguleringa av pensjonane, og dessutan løfte minstepensjonane opp til EUs fattigdomsgrense.
Alle arbeidstakarorganisasjonane støttar forslaget til omregulering av pensjonane til gjennomsnitt av lønns- og prisvekst, men dei meiner Stortinget bør vente på eit regjeringsoppnemnt pensjonsutval for å vere sikker på at endringane ikkje får utilsikta konsekvensar. Utvalet skal komme med konklusjonane sine i mars neste år.

Publisert: 07.01.2021 12:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23