Kort fortalt

Ber regjeringa stoppe vindkraftutbygging

Motvind meiner konsesjon bryt med norsk lov.

12.12.2020
(NPK-NTB): Organisasjonen Motvind Nordvest ber i eit brev Olje- og energidepartementet om å trekkje tilbake konsesjonen for vindkraftutbygginga Havsul I.
Havsul I-konsesjonen bryt med norsk lov og EØS-retten, og lovpålagde konsekvensutgreiingar er mangelfulle og ikkje gjorde, hevdar Motvind i brevet.
Havsul 1 fekk konsesjon i 2008. I vår gav Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) det planlagde vindkraftverket i havet utanfor Sandøy forlengd ut 2025 for å byggje ut. No er NVEs vedtak klaga inn for departementet, som skal avgjere saka.
– Ei innvilging av søknaden om ytterlegare utsett frist for idriftsetting av Havsul I vil vere brot både på norske og internasjonale lover, seier Motvind Nordvests juridiske rådgivar Anders Svinø i ei pressemelding fredag.
(©NPK)

Publisert: 12.12.2020 12:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24