NPK-NTB: Reiselivsbedrifter, konsertarrangørar og eventbyrå slit etter ei rekkje avbestillingar på grunn av koronaviruset. Virke og NHO ber staten gripe inn.
Reisearrangørar og konsert- og eventaktørar opplever ein drastisk auke i talet på avbestillingar og stans i nye bestillingar, og Hovedorganisasjonen Virke meiner staten bør dekkje lønnsutgiftene til desse bedriftene under heile permisjonsperioden.
– Vi må setje inn tiltak no for å hjelpe desse bedriftene, seier administrerande direktør Ivar Horneland Kristensen i Virke.
Også Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) krev at staten straks handlar for å hindre koronakonkursar i reiselivet.
– Det viktigaste kravet frå reiselivet er at staten straks tek mellombels ansvar for lønnsplikta i arbeidsgivarperioden på 15 dagar, seier administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv. Dette for å skjerme bedriftene frå konkurs.
NHO karakteriserer reduksjonen i bestillingar og auken i kanselleringar i reiselivet som drastisk.
I eit møte med NHO Reiseliv måndag rapporterte fleire av serverings- og hotellkjedene at situasjonen blir forverra time for time. Av dei som ikkje allereie har varsla permisjonar, understreka fleire at dei vurderer dette kontinuerleg. Enkelte kjeder varsla òg om moglege oppseiingar.

Publisert: 09.03.2020 23:18
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:29