Kort fortalt

Ber staten hjelpe verfta med rekninga

Fylkesordføraren tek opp rydding av sjøbotn.  

20.02.2020
Fylkesordførar Tove Lise Torve vil be staten bli med å ta rekninga for opprydding av forureina sjøbotn utanfor 13 skipsverft i Møre og Romsdal, ifølgje .
Fylkesordføraren vil be fylkesutvalet kome med ei slik uttale på sitt møte komande måndag. Etterpå vil Torve be om eit møte med Klima- og miljødepartementet.
– Vi kan ikkje pålegge desse verfta å ta kostnaden for både utreiing og eventuell seinare opprydding, anten det er gamle eller nyare miljøsynder. Det må staten vere med å ta eit større ansvar for, seier Torve til avisa.
Miljødirektoratet behandlar no klager frå skipsverfta, som ikkje godtek at dei må ta heile rekninga med å gjere undersøkingar og tiltaksplan for opprydding.

Publisert: 20.02.2020 13:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30