Kort fortalt

Ber staten om hjelp til ferjekloakk

Skjerpa krav gir auka utgifter.

30.01.2020
(NPK): Staten må betala for utgifter fylkeskommunen får i samband med dei skjerpa krava til kloakkutslepp frå ferjer, meiner fylkespolitikarane i Møre og Romsdal.
– Når staten innfører nye krav til utslepp, må staten ta omsyn til inntektssystemet til fylkeskommunane, seier leiaren i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal, Kristin Sørheim, til .
Utspelet kjem etter at Sjøfartsdirektoratet har utarbeidd nye reglar om kloakkutslepp langs kysten. Dei nye krava inneber ifylgje avisa at nye fartøy som blir sette i trafikk må vera 5,5 kilometer frå land for å sleppa ut kloakk. I dag kan dei til samanlikning sleppa ut kloakk 300 meter frå land.
I Møre og Romsdal blir det peikt på at krava er upraktiske å gjennomføra og at ferjene difor må finna andre måtar å kvitta seg med kloakken på. Reinseanlegg om bord eller slambil på land blir nemnt som dei mest aktuelle løysingane.
Leiaren i samferdselsutvalet peikar på at fylkeskommunen ikkje har sett av pengar til dette. Ho fryktar også at dei nye krava vil fordyra avtalane fylkeskommunen alt har gjort med ferjeselskapa.
Viss ikkje staten kjem på banen med meir pengar, fryktar fylkespolitikarane at dei må skaffa pengar på andre måtar noko som kan bety dårlegare ferjetilbod eller dyrare billettprisar.
(©NPK)

Publisert: 30.01.2020 08:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30