NPK-NTB: Regjeringa vil forlengje den mellombelse lova om å bruke skiltgjenkjenning for å betale for billettane på ferjene for å hindre smittespreiing.
– Vi ser at koronasituasjonen kjem til å vare ytterlegare ei stund. Derfor må vi sikre at det framleis kan vere mogleg å nytte skiltgjenkjenning for å kunne krevje inn betaling for ferjereiser òg i 2021. Det er tryggare for både passasjerane og ferjemannskapet, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF).
Manuell betaling av ferjebillettar vart stansa i mars 2020 på riksvegferjesambanda og mange fylkeskommunale ferjesamband for å hindre smittespreiing.
26. mai vedtok Stortinget ei mellombels lov som gir Statens vegvesen og fylkeskommunane moglegheit til å nytte skiltgjenkjenning for betaling for ferjereiser i etterkant av reisa. Den mellombelse lova skulle etter planen opphevast 1. januar 2021, men regjeringa foreslår no å forlengje ordninga ut neste år.
Ordninga kan likevel berre nyttast så lenge det er vurdert å vere behov for å hindre smitte av koronaviruset på ferjene til neste år.

Publisert: 06.11.2020 14:08
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24