Kort fortalt

Betalte 944 milliardar i skatt i fjor

Auke på 7,6 prosent frå 2018.

17.01.2020
NPK-NTB: I 2019 vart det betalt inn 944 milliardar kroner i skatt. Det svarer til ein auke på 7,6 prosent samanlikna med året før.
Tal frå viser at den personlege skattebetalaren stod for 76 prosent av skatteinnbetalingane i fjor. Upersonlege skattebetalarar og petroleumsverksemd stod for høvesvis 10 og 14 prosent av innbetalingane.
Medrekna petroleumsskatten gjekk nesten fire femdelar av dei samla skatteinnbetalingane i fjor til staten og folketrygda. Ein dryg femdel gjekk til kommunane og fylkeskommunane.
Skatt på utvinning av petroleum, som i 2008 utgjorde nesten ein tredel av dei samla innbetalingane, stod for knapt 14 prosent i 2019. Skatteinnbetalingane frå petroleumssektoren er i stor grad avhengig av olje- og gassprisane, og kan derfor variera i omfang frå år til år.
I 2019 enda skatten frå petroleumssektoren på 134 milliardar kroner.
I Oslo vart det til saman betalt i overkant av 173 milliardar kroner i skatt i 2019. Fylket toppar dermed statistikken. Finnmark stod for 6 milliardar kroner av skatteinntektene, og er dermed det fylket som betalte minst.
(©NPK)

Publisert: 17.01.2020 10:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31