Betre kontroll på djuphavsfisk
Ny metode kan fortelje kor mykje fisk som finst på dei mørke havdjupa.
Forskarane veit at det finst store mengder levande organismar i sona på 200–1000 meters djupne i havet. Kor mykje er likevel ukjent. No kan ein ny metode kanskje gi oss svaret.
Tala over kor mange organismar det finst mellom 200 og 1000 meter, i den såkalla mesopelagiske sona, varierer frå eitt til rundt 20 gigatonn på verdsbasis.
Uvissa er eit av hindera som står i vegen for å utvikle eit berekraftig, mesopelagisk fiskeri.
– Ei av årsakene til uvissa er svømmeblæra til fisk. Det er svømmeblæra som gir utslag på ekkolodda våre. Men for å vite kor mykje fisk ekkoloddet ser, må vi vite volumet og forma på svømmeblærene, forklarer havforskar Babak Khodabandeloo i ei sak på nettsidene til Havforskingsinstituttet.
Ekkolodd er den viktigaste reiskapen til forskarane når dei skal overvake fiskebestandar og anslå kor store dei er.
– Problemet med mesopelagisk fisk er todelt. For det første er fiskane vanskelege å fange. Dei er små og står spreidd og djupt. For det andre er dei veldig skjøre. Når vi fangar dei og halar dei opp frå djupet, blir dei knuste og sprengde i trålen. Dermed kan vi ikkje studere svømmeblærene deira godt, seier Khodabandeloo.
I ein ny studie har forskarane funne ein måte å løyse problemet på. Dei laga ei rekke virtuelle svømmeblærer i forskjellig form og storleik på datamaskin. Deretter utsette dei svømmeblærene for forskjellig trykk og djupne, og skaut på dei med ekkolodd. Også dette virtuelt.
– Når vi samanliknar resultata med faktiske målingar vi har gjort i havet, kjem vi fram til ein forventa «ekkolodd-signatur» for fisk i ulik storleik, i ulike djup, seier Babak Khodabandeloo.
Med den nye informasjonen kan forskarane få betre anslag av det dei ser på ekkoloddet og mengda mesopelagiske fiskar.
Publisert: 14.10.2022 11:23
Sist oppdatert: 14.10.2022 11:25