Kort fortalt
Betydeleg gjeld for Tango Seaweed
Sande-selskap melder oppbod.
Marius Rosbach
05.09.2023
Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i selskapet Tango Seaweed etter at leiinga har meldt oppbod.
Selskapet som blei starta i 2016 har jobba med å produsere kost- og smakstilskot av tare. Allereie i slutten av august melde leiinga at dei ville melde oppbod etter ein mislukka økonomisk bergingsaksjon.
I rettspapira frå tingretten kjem det fram at selskapet har gjeld på drygt 4,3 millionar og at det er verdiar for 3,7 millionar kroner firmaet.
Jørund Knardal er oppnemnt som bustyrar i saka og første skiftesamling er 10. oktober.
Publisert: 05.09.2023 19:08
Sist oppdatert: 05.09.2023 19:08