Kort fortalt

Bilar får ikkje bli med ferje med ledig plass

Ampert mellom reisande i Misund.

13.01.2020
På ferjeruta Solholmen-Mordalsvågen er det amper stemning for tida. Trass i at ferja har ledige plassar blir bilar ståande på kaia, melder NRK Møre og Romsdal.
Innbyggarane gledde seg då den større Ivar Aasen-ferja blei sett inn på ruta. Men fordi fylkeskommunen berre har betalt for 50 plassar, segler ferja utan å fylle opp alle plassane.
Varaordførar Odd Helge Gangstad i Midsund er sjokkert: – Eg får meldingar frå folk som seier at dei gir opp og flyttar til fastlandet, seier han til NRK.
Reiarlaget Fjord1 seier det helder seg til kontrakten som er inngått.

Synspunkt:


Publisert: 13.01.2020 09:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31