Kort fortalt

Blåst Film nominert til beste dokumentarfilm

Sunnmørsbrør til Danmarks viktigaste prisutdeling.

15.01.2020
(NPK): Sunnmørsbrørne Are og Sturla Pilskog i Blåst Film er produsentar for dokumentaren «Vinterens lengsel» som no er nominert til Bodil-prisen, Danmarks eldste og viktigaste filmpris.
Det skriv .
I filmen, som er regissert av Sturla Pilskog og Sidse Torstholm Larsen, følgjer regissørane den vesle byen Maniitsoq på vestkysten av Grønland i åtte år. Byen har vorte lova ein stor aluminiumsfabrikk, men den lét vente på seg. Filmen følgjer tre av innbyggjarane, og fortel både dei personlege historiene og om nasjonen.
Filmen er co-produsert av danske Bullitt Film og grønlandske Ánorâk film. «Vinterens lengsel» hadde premiere i mars 2019 under Cph: Dox, ein av dei største dokumentarfilmfestivalane i verda, og har fått mykje internasjonal merksemd.
(©NPK)

Publisert: 15.01.2020 10:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31