Kort fortalt

Bondelagsleiar reagerer på sjømatutspel

Kallar innlegg «usømeleg».

15.10.2020
Nestleiar i Møre og Romsdalen Bondelag, Odd Bjarne Bjørdal, reagerer på eit frå styreleiar Inger-Marie Sperre i Sjømat Norge og leiar Kjell Ingebrigtsen for Norges Fiskarlag, ifølgje .
I innlegget som først blei publisert på E24.no, tek dei til orde for at Norge må la Storbritannia selje meir landbruksvarer i Norge, mot at Norge kan selje meir fisk til øyriket.
Bjørdal har ikkje sansen for at ei styrking av sjømateksporten skal svekke landbruket. Han kallar utspelet «usømeleg» og minner om at auka produksjon i landbruket, gir fleire arbeidsplassar.
Sperre seier til avisa at ho er kjent med kritikken, men ho meiner landbruket kjem til kort samanlikna med sjømatnæringa, når det gjeld omfanget av arbeidsplassar og verdiskaping.

Les innlegget:


Publisert: 15.10.2020 08:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24