Kort fortalt

Bondeleiar vil skjerpa innsamlinga av plast

Altfor mykje hamnar i elvane.

06.01.2021
NPK-Margunn Sundfjord: Mange av elvane på Vestlandet er sterkt forureina av landbruksplast. No vil Vestland Bondelag betra innsamlinga av plast blant bøndene i fylket.
– Vi skal skjerpa søkjelyset på å samla inn plasten i Vestland. Vi kjem til å ta initiativ til ryddeaksjonar og betre innsamlingsaksjonar, slik at nærmare 100 prosent av den plasten vi brukar, blir samla inn. Det er ikkje akseptabelt på nokon måte at denne plasten hamnar i naturen, sa leiar i Vestland bondelag, Anders Felde, som tysdag var ein av innleiarane på det digitale nyttårsmøtet til Vestland fylkeskommune.
Det var i november i fjor at det blei kjent at 43 elvar frå Rogaland i sør til Møre og Romsdal i nord er sterkt forureina av plast frå landbruket. Mykje av plasten stamma frå rundballar som bøndene brukar.
– Eg skulle gjerne sagt at vi skal greia å kvitta oss med all plasten, men det greier vi dessverre ikkje, sa bondelagsleiaren.
Han peikte på at rundballar passar svært godt til å ta vare på vinterfôret på Vestlandet med mange små og spreidde teigar. Kort tid til å hausta foret og mindre arbeidskraft til å hjelpa til i slåtten enn tidlegare, blei nemnt som andre faktorar som gjer rundballane godt eigna for vestlandsbøndene.
Felde streka likevel under at bøndene i fylket allereie er svært flinke til å samla inn landbruksplasten.
– Vi samlar inn 85 prosent av den plasten vi brukar, medan den vanlege forbrukaren i gata berre samlar inn 25 prosent av plasten dei nyttar.
Han avviste samtidig at dei 15 prosentane av landbruksplasten som ikkje blir samla inn, hamnar i elvane og i naturen. Mykje av det går ifylgje Felde til innsamlingsordningane til Grønt punkt og i restavfall og liknande.
Bondelagsleiaren lova likevel at bøndene i fylket skal bli endå flinkare til å halda orden på plasten.
For å få ned plastbruken frå rundballar, kan det ifylgje Felde bli aktuelt å vurdera ulike siloløysingar. Eitt alternativ kan vera å bruka såkalla tårnsilo, som var mykje brukt tidlegare.
– Stort sett alle bøndene på Vestlandet brukte dette før dei gjekk over til rundballing. No håpar vi kanskje fleire går tilbake til dette, sa Felde.
Han kunne likevel ikkje garantera at bøndene i fylket på kort sikt greier å bruka mykje mindre plast.

Publisert: 06.01.2021 16:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23