NPK-NTB: Den avgrensa tilgangen på utanlandsk arbeidskraft er noko av det norske bønder slit aller mest med under koronapandemien.
Det kjem fram i ei om korleis koronapandemien har ramma landbruket. 1.000 personar som jobbar innan landbruk er spurde i undersøkinga.
Frå midnatt natt til fredag blir grensene i praksis stengde for arbeidsinnvandring i minst to veker, og regjeringa har varsla at restriksjonane kan forlengjast.
– Noko av det vi har jobba mest med under pandemien er sektorane som er avhengige av tilgang på utanlandsk arbeidskraft. Det er viktig å finne gode løysingar for næringane som har behov for utanlandsk arbeidskraft, som grøntnæringa, seier Astrid Solberg, som er organisasjonssjef og beredskapsleiar i Norges Bondelag.

Publisert: 28.01.2021 12:34
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23