Kort fortalt

Brannsjef bekymra over nye miljøferjer

Skeptisk til hydrogendrivne ferjer. 

12.02.2020
(NPK-NTB): Ferjesambandet i Jøsenfjorden i Rogaland skal utstyrast med dei første hydrogen-elektriske ferjene i verda. Den lokale brannsjefen er bekymra over farane.
– Hydrogen tek lett fyr, og eg er bekymra for dette i kombinasjon med batteri. Eg fryktar at noko skal ta fyr, anten av seg sjølv eller på grunn av ein bilbrann om bord, seier brannsjef Johan Mjølhus i Hjelmeland til .
Han etterlyser informasjon sidan det er bestemt at frå 1. mars neste år skal den første hydrogen-elektriske ferja i verda bli sett inn i trafikk i Jøsenfjord-sambandet mellom Hjelmeland-Nesvik-Ombo. Halvparten av tida skal ferja gå på hydrogen, halvparten på straum.
Mjølhus viser til tre hendingar, den eine der ein dieselbil tok fyr inne i parkeringshuset på Sola og øydela 1.300 bilar, den andre der ein fyllestasjon for hydrogen eksploderte i Sandvika og den tredje der det byrja å brenne i batteripakken på elferja MF «Ytterøyningen» i Kvinnherad i fjor.
Teknisk direktør i Norled, Sigvald Breivik, seier det lokale brannvesenet vil bli invitert arbeidsmøte og lover at dei nye ferjene etter planen skal vere minst like trygge som tradisjonelle ferjer.
– Dette er eit nybrotsarbeid, og vi jobbar med tryggingsanalysar rundt løysingane. Her blir det masse nytt. Vi har enorm respekt for hydrogengassen, som alle veit kan eksplodere, seier Breivik.
(©NPK)

Publisert: 12.02.2020 09:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30