Braut seg inn på Vestkapp-toalett
Turistane tok seg til rette då dei møtte stengde dører.
Turistar som møtte stengte dører på toalettet ved Vestkapp, tok seg til rette og braut seg inn, ifølgje NRK Vestland.
NETT NO omtalte førre veke at Vestkapp Restaurant stengde dørene på toaletta og til spisestaden under den store cruisedagen på Stadlandet. Bakgrunnen var at dei ikkje ønska å vaske etter opptil 1000 bussturistar som skulle gå på do gratis.
Dagleg leiar Kristina Leknesund Myrseth seier til NRK at ho ikkje klandrar turistane, men at problemet ligg hos operatørar og kommunen som ikkje vil betale for kostnadene ved å drifte toaletta.
Ordførar Gunnar Silden i Stad viser til at avtalen som blei inngått i 2019, var at restauranten skulle drifta doane. Samtidig ser han at mengda turistar har endra seg mykje – og oppmodar restauranten til å sende ein ny søknad om støtte.
Dagleg leiar i Måløy Adventure, Frank Willy Djupvik, erkjenner at både dei og kommunen har ansvar for å bidra til drifta – men seier at kostnaden for å inngå ein avtale på Vestkapp er høgare enn andre plassar.
Det avviser restaurantdrivaren og legg til: - Dei kan ikkje forvente å nytte våre fasilitetar gratis sjølv om dei meiner prisen er for høg. Då får dei parkere og gå på do ein annan stad, seier Myrseth til NRK.
Publisert: 31.07.2023 17:15
Sist oppdatert: 31.07.2023 17:15