Kort fortalt

Brexit: Norge samd om overgangsavtale

Mellombels avtale med Storbritannia.

21.10.2020
(NPK-NTB): Noreg er samd med Storbritannia om ein overgangsavtale, melder Nationen. Det skjer etter at det ikkje vart semje om ein frihandelsavtale i lys av brexit.
Ifølgje skal den mellombelse avtalen bidra til at Noreg unngår ny toll på industrivarer når overgangsperioden går ut ved midnatt 31. desember og Storbritannia forlèt den indre marknaden i EU.
– Dette er viktig for å sørgje for at varehandelen mellom oss og Storbritannia kan halde fram frå 1. januar på same vilkår som i dag. Med dette tek vi vare på interessene våre med ein «bruløysing» medan vi forhandlar vidare med fullt tempo for å få ein frihandelsavtale på plass så raskt som mogleg, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H).

Publisert: 21.10.2020 15:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24