NPK: Kommunane Stad og Kinn i Nordfjord er no samde om ein sum for bygda Bryggja som no tilhøyrer Stad kommune.
– Vi har kome fram til ei løysing begge partar kan leve godt med. Det har vore ein klamp om foten, seier varaordførar Siri Sandvik (Ap) i Stad kommune til .
1. januar i år blei bygda Bryggja overført frå ein kommune til ein annan. Dei 540 som bur der høyrer ikkje lenger heime i Kinn, men i Stad kommune, heilt nord i Vestland fylke.
Det har teke lang tid å bli samde om ein overgangssum, og partane har vore på meklingsmøte hos Fylkesmannen i Vestland.
Opphavleg kravde Kinn kommune totalt 175 millionar kroner i kompensasjon for å gi frå seg bygda. I avtalen står det no at Kinn får 30 millionar kroner for mellom anna kommunale vegar, omsorgssenteret og skulen i bygda.
– Eg trur dette er eit oppgjer begge kommunane er misnøgde med, eller nøgde med. Vi har i alle fall forhandla og blitt samde om eit beløp, seier ordførar Ola Teigen (Ap) i Kinn.
No skal meklingsresultatet til endeleg godkjenning i dei to kommunestyra.

Publisert: 22.12.2020 13:08
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23