Kort fortalt

Busselskap vil ha endring i koronareglar

Busselskapa fortviler over økonomiske tap.

29.07.2020
NPK: På kortare bussturar kan folk no sitje ved sida av kvarandre. På reiser over ein time gjeld framleis einmetersregelen.
– Korleis reglane skal vere må regjeringa svare på, men av økonomiske omsyn skulle eg gjerne sett at vi fekk fylle bussane att. Dette rammar oss hardt, seier Merethe Olsen, administrerande direktør i busselskapet Nor-Way.
Sjølv om kravet på maks kapasitet på 50 prosent er vekke, seier Olsen at dei er langt frå normalen.
– Vi ligg på 60–70 prosent no. Det er det største problemet vårt, seier ho til kanalen.
Kommersiell direktør i Vy, Bjørn Rebne, seier at dei ønskjer å følgje smittevernreglane, men samstundes meiner han at det er smittetrygt for passasjerar å ta buss.
Fagdirektør Karin Straume i Helsedirektoratet gir få signal om at dei vil losne på smittevernreglane for kollektivtransporten med det første.
– Hovudanbefalinga er å halde ein meter avstand gjennom heile reisa. Det er viktig å avgrense samlingar av menneske på område som ikkje er heilt nødvendige, seier ho.

Publisert: 29.07.2020 12:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:25