Kort fortalt

Busssjåførar krev lønsauke

Varslar hard kamp.

28.01.2020
NPK-NTB: Førre hovudoppgjer i 2018 gav norske bussjåførar ein reallønnsnedgang. No er forventningane og streikeviljen stor før lønnsoppgjeret i vår.
– Det er ingen tvil om at streikeviljen er stor. Det er eit gryande oppgjer blant sjåførane. Det ser ein godt på sosiale medium. Det må eit godt kronetillegg til for å roe sjåførmassen, seier Kjell Nesheim, sjåfør for Tide Buss i Voss og Hardanger og tillitsvald for Yrkestrafikkforbundet (YTF), til Klassekampen.
Sjåførlønna ligg i dag på 91,8 prosent av ei industriarbeidarlønn. Nesheim meiner eit godt oppgjer må til for å gjere opp for tidlegare oppgjer og for å sikre rekrutteringa til yrket.
– Reallønnsnedgang gjer det ikkje lettare å rekruttere. Om det ikkje var for pensjonistane, ville vi ikkje greidd å drive frå dag til dag, seier han om situasjonen på Voss i Vestland.
NHO Transport ønskjer ikkje å uttale seg om forventningane før oppgjeret er i gang.

Publisert: 28.01.2020 08:14

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30