Kort fortalt

Bustadmangel hindrar flytting til distrikta

Det viser ny rapport.

18.01.2021
NPK: Ein fersk rapport viser at mange kommunar i Distrikts-Noreg har utfordringar med rekruttering av arbeidskraft grunna mangel på bustader.
Regjeringa, Distriktssenteret og Samfunnsøkonomisk analyse AS har kartlagt om bustadtilgang i distrikta hemmar rekrutteringa av arbeidskraft, fortel avisa n.
I rapporten , kjem det fram at det er vanskeleg å skaffe nye tilsette til private bedrifter i distrikta.
Nær sju av ti av dei spurde i rapporten fortel at dei har hatt utfordringar med å få tilsett nye folk dei siste fem åra. Industriverksemder og bedrifter innanfor overnattings- og serveringsstader svarte i større grad enn andre næringar bekreftande på spørsmålet om rekrutteringsutfordringar.
– Rapporten peiker blant anna på at kommunar og næringsliv opplever utfordringar med å rekruttere kompetent arbeidskraft på grunn av at dei ikkje har ein godt nok fungerande bu- og arbeidsmarknad. Det handlar om eit misforhold mellom butilbod og etterspørsel, seier direktør ved Distriktssenteret, Marit Lofnes Mellingen, til Nationen.
Eit anna problem i kommunar utan vekst er at bruktbustadprisane er for låge og at ein etter kvart får ein eldre bustadmasse. Unge og andre som kunne tenkt seg å bu ein stad finn ikkje noko å kjøpe, og dei tør heller ikkje å ta risikoen ved å byggje eigen bustad.
– Vi ser at det er viktig med eit variert butilbod. Det er ikkje berre éin type bustader som skal til for å gjere det attraktivt for dei unge og gamle å bli verande, og samtidig få potensielle tilflyttarar til å komme. Variasjon er nøkkelen, fortel Lofnes Mellingen.

Publisert: 18.01.2021 14:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:23