Kort fortalt

Bygdebladet fyller 50 år

Mellom få familieeigde aviser.

13.09.2022

I år feirar lokalavisa Bygdebladet 50 år i bransjen. Avisa som dekker det som tidlegare utgjorde kommunane Ørskog, Skodje, Vestnes og Haram – pluss Ålesund i nyare tid.

Avisa blei starta opp av Torill og Kjell Opsal, og er framleis involvert i den daglege drifta.

– Akurat no er det eg og broren min som er i bedrifta, i tillegg til våre foreldra. Han var eit halvt år då det starta og eg var fire år og eit halvt år, så vi veit ikkje om noko anna og har ikkje vore tilsette noko anna plass, fortel til redaktør Redir Opsal til radio-NRK Møre og Romsdal tysdag.

Han legg til at det er eit privilegium å lage lokalavis i eit område han karakteriserar som utruleg spennande. Under koronapandemien lanserte Bygdebladet nettavis, i tillegg til papiravisa – som Opsal påpeiker framleis er hovudsatsinga.

Publisert: 13.09.2022 09:59

Sist oppdatert: 13.09.2022 10:00

Mer om