Kvinnelige redaktører innfelt monica aure fallingen linda bakken foto ntb scanpix privat nyss 11
FLEIRE KVINNER I SJEFSSTOLEN: Berre i løpet av dei siste vekene har Nordvestlandet fått to nye kvinnelege redaktørar ved Monica Aure Fallingen i Nyss (innfelt t.v.) og Linda Bakken i Nordre. Foto: Sveinung Engeland, NPK/Nyss/privat
Nytt

Fleire kvinner tek redaktøransvar

Berre dei siste vekene har Nordvestlandet fått to nye kvinnelege redaktørar.

NPK
06.12.2021

(NPK- Sveinung Engeland): Det er stor auke i talet på kvinner som tek redaktøransvar i lokalavisene kringom i landet. På ti år er det blitt nesten dobbelt så mange kvinnelege sjefredaktørar i massemedia utanfor Oslo. Men framleis er kvinneandelen under 30 prosent i dei fleste distrikta.

I Vestland har talet på kvinnelege sjefredaktørar gått opp frå 5 til 12, i Trøndelag frå 0 til 8.

Til saman er det i dag 52 kvinnelege sjefredaktørar utanfor hovudstaden, mot 27 for ti år sidan, viser medlemslistene til Norsk Redaktørforening.

– Dette er ei utvikling det er all grunn til å glede seg over, seier Tomas Bruvik, generalsekretær i Landslaget for lokalaviser (LLA), interesseorganisasjonen for over 110 lokalaviser landet rundt.

Men Veslemøy Østrem i Medienettverket, som arbeider for fleire kvinner i leiarposisjonar i media, er ikkje nøgd. Sjølv om det er fleire kvinnelege redaktørar enn før, meiner ho det framleis er «ganske stygge tal» fleire stader.

34 prosent kvinner
Nynorsk pressekontor har gått gjennom medlemslistene til Norsk Redaktørforening i 2011 og 2021. Redaktørstanden har tradisjonelt vore svært mannsdominert. I 2011 var kvinnedelen i medlemsmassen 29 prosent. Ti år seinare har andelen auka til 34 prosent.

Blant redaktørane som har eit overordna ansvar i jobben sin, sjefredaktørane, har kvinneandelen auka frå 26 til 31 prosent.

Høgast kvinnedel er det i Oslo Redaktørforening, der 36 prosent av sjefredaktørane er kvinner. Men det er også i hovudstaden det har vore minst utvikling dei siste ti åra. Det er omtrent like mange kvinnelege redaktørar der no som før, og kvinneandelen har gått ned frå 42 prosent.

Fleire nye på Nordvestlandet
Nordnorsk Redaktørforening kjem nedst på lista med ein kvinnedel på 21 prosent.

I Vestland og Trøndelag er kvinneandelen 29 prosent, og det er her dei største endringane har skjedd. Berre i år har tre Vestland-aviser – Fjordenes Tidende, Avisa Hordaland, Nyss og Nordre – fått kvinneleg sjefredaktør, og i alt er det åtte fleire kvinnelege sjefredaktørar i vest enn for få år sidan.

I Trøndelag har mellom anna Arbeidets Rett, Fosna-Folket og Inderøyningen fått kvinneleg sjefredaktør. Til saman åtte kvinnelege sjefredaktørar er med i Redaktørforeningen, mot ingen for ti år sidan.

– Stygge tal
Veslemøy Østrem i Medienettverket seier ho er glad for å sjå at systematisk arbeid gjev resultat, men peiker på at det er store forskjellar og at magasin og NRK trekk snittet opp.

– Ser ein på dagspressa, er tala dårlegare, og går ein utanfor Oslo er det ganske stygge tal fleire stader, seier Østrem, som til dagleg er nyheitsredaktør i Vårt Land.

Medienettverket har i samarbeid med Mediebedriftenes Landsforening eit mentorprogram for å styrke kvinneleg leiarskap og kvinners karrieremoglegheiter i media. I samtalane med kvinner som ønskjer å delta i programmet, kjem det fram at mange ikkje synest toppleiarjobbane er særleg tilrettelagde for dei.

Mange kvinner synest dette er vanskeleg å kombinere med barn og familieliv, og seier at dei ikkje kan bli sjefredaktør fordi dei har barn
Veslemøy Østrem
Østrem meiner spesielt lokalaviser i distrikta har mykje å gå på.


– Det kjem tydeleg fram i samtalane at det å vere sjefredaktør mange stader i distrikta er ganske annleis enn i hovudstaden. Det handlar om kva styra forventar og spør etter. Det blir blant anna signalisert at det å vere sjefredaktør er ein 24/7-jobb. Mange kvinner synest dette er vanskeleg å kombinere med barn og familieliv, og seier at dei ikkje kan bli sjefredaktør fordi dei har barn. Det er ganske interessant at det framleis er slik, i 2021!

Tydeleg trend
Tomas Bruvik, generalsekretær i Landslaget for lokalaviser (LLA), interesseorganisasjonen for over 110 lokalaviser landet rundt, peikar på at lokalavisene for tida slit med å rekruttere leiarar, anten det er menn eller kvinner.

– Dei som rekrutterer er sjølvsagt klar over at det ikkje akkurat er noko lokkemiddel å seie at redaktøren skal jobbe heile døgnet. Det er ikkje bra korkje for kvinner eller menn, og vi må gjere det vi kan for ikkje å skremme kandidatane bort, seier han.

Bruvik er ikkje veldig overraska over at kvinneandelen berre er rundt 30 prosent.

– At ein ikkje kan snu dette heilt over natta, er ikkje overraskande. Men det er positivt at kvinneandelen går jamt og trutt oppover, og det er det all grunn til å glede seg over. Trenden er svært tydeleg, seier han.

– Blir ei avis styrt av ei kvinne annleis enn ei avis styrt av ein mann?

– Ei avis blir annleis når det kjem ein ny person inn, uavhengig av om det er ein mann eller ei kvinne. Det er dei personlege eigenskapane som avgjer. Det viktigaste er at redaktøren er kompetent, interessert i lokalsamfunnet og i å lage ei god avis, seier Tomas Bruvik.

Veslemøy Østrem i Medienettverket poengterer at media treng eit mangfaldig blikk på verda.

– Eg trur ikkje det er slik at menn ikkje klarer å lage avis som treff kvinner, men eg trur absolutt ei avis kan bli betre om ein har fleire perspektiv, seier ho.

Rettleiar for rekruttering
Norsk Redaktørforening har lenge jobba for å auke rekrutteringa av kvinner til redaktørjobbar, og foreininga har mellom anna laga ei rettleiing i rekruttering av kvinnelege leiarar.

– Det er ikkje medlemmene våre som tilset sjefredaktørar, men vi kan sørgje for at det er merksemd rundt kjønn, og det har vi gjort i mange år. Samstundes er vi opptatt av mangfald også på andre område, og dei siste åra har det nok handla like mykje om kulturelt og funksjonsmessig mangfald som kjønnsmangfald, seier assisterande generalsekretær Reidun Kjelling Nybø.

– Dette er ei utvikling som går jamt og trutt. Ser vi historisk på det, så har det vore svært låg kvinnedel i mange distrikt, og det er naturleg at auken er størst der. Då eg sjølv blei redaktør i 2006, var 19 prosent av medlemmene i foreininga kvinner. At det no er nesten 35, er svært gledeleg, seier ho.

– Er redaktørforeinga framleis litt guteklubb?

– Nei, eg oppfattar det ikkje slik. Den tida er over. Når vi har kurs og samlingar, er ofte halvparten av deltakarane kvinner. Og når det offisielle programmet er over, treff du vel så ofte deltakarar på veg til treningsrommet som på veg til baren, og det gjeld begge kjønn, så fordommane mot redaktørar står for fall, seier Reidun Kjelling Nybø.

(©NPK)

Publisert: 06.12.2021 12:21

Sist oppdatert: 06.12.2021 12:38

Mer om