NPK-NTB: Bø låg an til å gå med stort tap etter å ha sett ned formuesskatten, grunna den såkalla skatteutjamningsordninga. No rekker regjeringa ut ei hjelpande hand.
At Bø gir skattelette betyr mindre pengar inn til felleskassa. Det låg an til at Bø måtte dekkje dette sjølv, skriv .
Kort fortalt viste reknestykket at Bø låg an til å gå 10 millionar kroner i minus, med dei som har meldt flytting så langt. Kommunen senka formuesskatten for å tiltrekkje seg nye, rike innbyggjarar, og Bjørn Dæhlie og eigedomsinvestoren Einar Sissener er blant dei som har meldt flytting.
No får Bø eit særunntak frå reglane slik at tapet blir redusert til 5 millionar kroner – som er beløpet dei taper som følgje av redusert formuesskatt for innbyggjarane som var busette i Bø frå før.
– Vi synest det er positivt at kommunane tenkjer kreativt og skaper auka aktivitet. Men vi ser at på akkurat dette området så var ikkje konsekvensane tydelege nok i systemet. Det tek vi konsekvensane av, seier statssekretær Paal Pedersen (H).

Publisert: 11.12.2020 11:28
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:24