Kort fortalt

Børsfallet tok pause

Etterlengta pustepause for investorane.

28.02.2020
Litt etter klokka 14 fredag snudde Oslo Børs frå minus til pluss i nokre minutt, men har deretter falle tilbake att.
Etter ei veke med kraftig børsfall, fall hovedindeksen også kraftig dei første handletimane fredag, men har no henta seg litt inn.
Også oljeprisen styrkar seg litt, der eit fat Nordsjøolje tidlegare på dagen fall under 50 dollar fatet, men vert klokka 14 omsett til rundt 50,40 dollar fatet.

Publisert: 28.02.2020 14:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30