Kort fortalt

Daglegvarehandelen auka igjen

28.09.2022

(NPK-NTB): Varekonsumet hos norske hushald gjekk opp med 1,3 prosent frå juli til august. Omsetninga i daglegvarehandelen gjekk opp med 0,7 prosent.

Den største auken kom i gruppa mat, drikkevarer og tobakk, der nordmenn handla for 3,6 prosent meir enn månaden før, viser dei sesongjusterte tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Bilkjøp gjekk opp med 0,7 prosent, medan elektrisitet og brensel gjekk ned med 1,6 prosent i den siste sommarmånaden.

Dei sesongjusterte tala frå varehandelsindeksen viser ein auke på 0,7 prosent i omsetninga for august. Det største bidraget til den samla veksten kom frå daglegvarebutikkar, som stod for ein oppgang på 2,3 prosent.

Oppgangen kjem etter ein nedgang på 2 prosent frå juni til juli.

(©NPK)

Publisert: 28.09.2022 09:44

Sist oppdatert: 28.09.2022 09:45

Mer om